HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

Få kalv i kua – del 6

Inseminasjonstidspunkt

Dei ulike sædtypane ein har i dag gjer at ein har meir fleksibilitet når det kjem til insemineringstidspunkt.

Rannveig Farestveit

Veterinær i Geno

Figur: Dei ulike stadiane i brunsten, samt optimal tid for inseminasjon.

Eggløsninga kjem om lag 30 timar etter brunststart, og det er ikkje uvanleg at ein vert litt for ivrig og inseminerar for tidleg i brunsten. Dersom ein observerar slimet til ei ku, så vil ein sjå korleis dette vil variera i konsistens og utsjånad gjennom brunsten.

Brunstsymptom

I forbrunsten er slimet gjerne gråleg og seigt, før det mot ståbrunsten vert trådtrekkande og klart, gjerne med luftbobler. Fordi mange kyr også viser sliming i forbrunsten, er det lurt å observera andre brunstsymptom i tillegg før ein vurderer inseminering. I etterbrunsten vert det meir sparsomt med seigt slim att, før eventuell blødning. Når det gjeld blødning viser statistikk at om lag 60 prosent av alle kyr blør, medan hjå kvigene er det om lag 80 prosent som blør.

Riktig dag

Kortid insemineringa vert gjort på dagen, har generelt lite å sei så lenge insemineringa vert gjort på riktig dag. I praksis vil dette sei at ved observert brunst tidleg på morgonen, inseminerer ein same dag. Ved observasjon av brunst på ettermiddag eller kveld, er inseminering neste dag fornuftig. Dei ulike sædtypane som fins på marknaden i dag, er også med å gjera at ein har fleksibilitet når det kjem til insemineringstidspunkt.

Sædens levetid

Når det gjeld ordinær sæd forventar ein ei levetid på om lag 24 timar, medan for SpermVital reknar ein opp mot 48 timar. REDX igjen har noko kortare forventa levetid enn ordinær sæd. Er ein tidleg i brunsten er SpermVital difor eit svært godt alternativ, medan ein gjerne kan nytta REDX litt seint i brunsten på aktuelle kyr. Generelt treng sædcellene rundt 6 timar inne i livmora for at dei skal vera klar til å befrukta egget, medan REDX-cellene ikkje treng så lang tid fordi dei er kome noko lengre i modningsprosessen.